Tilskot til kjøp av tøybleier

Som abonnent i SIMAS 2019 kan du få tilskot til kjøp av nye tøybleier. Du får tilskot på inntil 1000 kronar, avgrensa til 50 prosent av kjøpesum.

  • Døme 1: Kjøper du tøybleier til kr. 1.500, får du kr. 750 i tilskot av SIMAS

  • Døme 2: Kjøper du tøybleier til kr. 2.500, får du kr. 1.000 i tilskot av SIMAS.

NB! SIMAS gjev tilskot til kjøp av nytt utstyr (ikkje brukt).

Me gir tilskot til:

  • Brettebleier

  • Formsydde bleier

  • Brillebukser/sperrelag/lommebleier

  • Innlegg/kluter til bleier

  • Alt i ett/to tøybleier

Krav til kvittering

Innsendt kvittering skal dokumentere at det er kjøpt inn produkt som SIMAS gjev tilskot til. Produktet må vere betalt før søknad er sendt inn. Vippsbetaling utan komplett kvittering og kvitteringar der det er uklart kva produkt som er kjøpt inn, blir avvist.

Søknader med kvittering som ikkje oppfyller dokumentasjonskravet blir avvist.

I tillegg til å leggje ved kvittering, må det listast opp kva produkt på kvitteringa som det skal søkjast tilskot for, og summere desse.

Me gir ikkje tilskot til: 

  • Næringsdrivande

  • Forbruksmateriell som til dømes rispapir, lanolinolje/ullkur og ullsåpe 

  • Strikkeoppskrifter

  • Garn til sjølvstrikk, strikkepinnar etc.

  • Frakt på produkt

Krav: 

  • Private søkjarar

  • Søkjar må vere busett i SIMAS-kommune

  • Fødselsattest der det fremgår at søkjar er barnets forelder

  • Søknad må vere sendt inn før barnet har fylt 4 år (tilskotet går til barn frå 0 til og med 3 år)