Batteri + teip + syltetøyglas = sant ❤️🔋

Eit godt system for batteri er eit enkelt og viktig tiltak for å redusere brannfaren og sørge for at fleire materialar blir gjenvunne. Teip og ein behaldar er det eineste du treng - og vipps er brannfaren redusert og gjenvinningsmoglegheitene store!

Kjelde i denne saka: Sortere.no

 

Slik oppbevarer du batteri heime

Lei av brukte batteri som hopar seg opp i skuffar og skap? Ha ein fast stad der du samlar brukte batteri. Det kan vere i eit tomt syltetøyglas eller ein liten boks. Ha ein rull med teip i glaset eller boksen, då er det lett å teipe polane undervegs. Er boksen liten er det lett å ta den med og levere inn med jamne mellomrom. På den måten unngår du også store mengder batteri heime.

 
 
 

Slik leverer du batteria

I Noreg har vi eit superenkelt system; der du kjøper batteri, kan du også levere brukte batteri. Det er rett og slett ei lovpålagt plikt alle som sel batteri har. Og ja, det er gratis å levere inn. Ta med batteria når du skal på butikken eller gjenvinningsstasjonen. Lever gjerne inn batteria samtidig som du likevel skal ha med panteposen.

 

Kvifor må du teipe polane?

Sjølv om batteriet verkar tomt for energi, er det alltid litt futt igjen. Når mange batteri vert oppbevart saman, kan polane komme i kontakt med kvarandre og skape gnistar. I verste fall kan det føre til brann. Når du teipar polane, unngår du at dei kjem i direkte kontakt med kvarandre og reduserer brannfaren.

 

Kvifor har batteria skylda for mange brannar?

Dei fleste av oss er flinke til å sortere batteri. Heile 80% av oss seier vi gjer det. Samtidig er det fortsatt millionar av batteri som vert kasta på feil stad. Enten det er batteriet frå fjernkontrollen som blir kasta i restavfallet, eller det spelande bursdagskortet som vert kasta i papiret, uten å ta ut batteriet som har feira med song.

Sjølv om batteriet ikkje lenger gir liv til leikebilen eller lys til hodelykta, er det alltid litt futt igjen. Har du sett Lars Monsen tenne bål med tennstål? Det er akkurat på same måte. Om polane på batteriet til dømes kjem i kontakt med noko metallisk, kan det oppstå gnistar. Dette kan leie til brann heime hos deg, i renovasjonsbilen, eller i “pressehallen” i Festingdalen, der me pressar og pakkar avfall før frakt.

 

Gamle batteri vert til nye batteri

Batteria vert henta og frakta med tog eller trailer til eit sorteringsanlegg. Her kjem også innebygde batteri frå elektronikk, som radioar og leikebilar. På sorteringsanlegga vert dei kvalitetssikra og sorterte etter korleis batteria er bygd opp.

Når batteria er sortert, vert dei sendt med båt eller trailer til godkjente anlegg for gjenvinning av batteri i Europa. Råstoff som vert henta ut fra batteria er blant anna plast, bly, rensa og behandla syre, sink, kadmium, nikkel og kobolt. Nokre av råstoffa er sjeldne og finst berre i svært avgrensa småmengder. Mange av desse går inn i produksjon av nye batteri, mens dei resterande råstoffa kan bli til til dømes hagemøblar, pigment i maling eller metallegeringar.

Visste du at:

●      ...vi bruker 2000 tonn småbatteri i Noreg kvart år?

●      ...kvar og ein av oss har i snitt ca 70 småbatteri heime?

●      ...det var den italienske fysikaren Alessandro Volta som fant opp det elektriske batteriet for over 200 år siden?

Forrige
Forrige

Tilskot til kjøp av tøybleier

Neste
Neste

Forskyvd tømmekalender