Ny miljøstasjon i Årdal er opna

Den nye miljøstasjonen i Årdal. Foto: Silje Vindedal/Sogn Avis

No kan årdølene levere avfall i ulike fraksjonar på splitter ny miljøstasjon på Årdalstangen.

Onsdag 11. juni var det offisiell opning av den nye miljøstasjonen i Vikadalsvegen på Årdalstangen.

Den aller første besøkande blei Svein Hove, som fekk blomster av SIMAS-direktør Dagny Ugulsvik Alvik.

Me er glade for at ordførar Christian Sønstlien, kommunedirektør Mette Hestetun Berg og nyvald styreleiar i Simas Jarle Skartun tok turen innom opninga.

“(…) No har me sortert avfallet vårt i over eit år, og det har gått ganske bra ifølgje tilbakemeldingane frå Simas, så eg trur me skal få det til veldig bra”, sa ordførar Christian Sønstlien til Sogn Avis under opninga.

Nyttige lenkjer:

> Opningstid og kart miljøstasjon Årdal

> Informasjon og nedlasting MiljøID

> Kva kan leverast

 

Sjå bilete frå opninga i Årdal:

(Klikk for stor visning)

Foto: Silje Vindedal/Sogn Avis

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ledig stilling: Logistikk- og transportmedarbeidar

Neste
Neste

Ledig stilling: Kundekonsulent i SIMAS