Julegåver med ekstra omtanke og kjærleik – og gjerne ombruk

Mange av dei finaste julegåvene er også dei som er best for naturen (og lommeboka). Kva med å gje bort den beste boka du leste i året som gjekk, opplevingar du kan dele med dine næraste eller noko heimelaga?
Før du går laus på gåvelista og hastar til næraste butikk eller klikkar på kjøpsknappen, ta ein titt på våre berekraftige gåvetips 🎁

Gje brukt til jul

Heile 7 av 10 seier dei ikkje bryr seg om gåva er brukt eller ny, så lenge dei får noko dei likar, kanskje du kjenner deg igjen i det? Mykje av det vi omgjev oss med kan bli brukt, men endar opp på hylla eller i skapet – gode ting er meint til å vare lenge og vi kan dele gleda vi fekk av tinga.

Tips! Ta turen innom ein miljøstasjon, SIMAS Ombruk, eller be dei nærmaste om å lage ei ønskjeliste på Finn.no og dele ho med deg.

 

Gje bort noko heimalaga

Å samle vener eller familie til juleverkstad i førjulstida er både koseleg og kreativt. Lag brente mandlar, karamellar eller granola og fyll dei på glasemballasje som du kan gi i gåve.

Er du endå meir kreativ? Då kan du lage eit måleri, strikke ein genser – eller finne på noko heilt unikt som gledar den som får det.

 

Den beste gåva? Tida di.

Den tida som verkeleg betyr noko, er den vi deler med dei vi er glade i. I kvardagen, når dagane susar forbi og vi prøver å rekke litt for mykje, kan ei gåve som inviterer til å vere saman, varme heilt inn til hjartet. Ei oppleving treng ikkje koste mykje – det viktigaste er at ho er ekte, personleg og gitt med omtanke.

Skriv eit lite, varmt kort og legg ved noko som skaper stemning for opplevinga du vil gi. Det er ofte dei små detaljane som gjer gåva heilt spesiell.

Forrige
Forrige

Frukostmøte Kaupanger

Neste
Neste

Fagdagen Sirkulære Sogn er over for denne gong.