Bli med på Bærekraftskolen Live, ei gratis, nasjonal berekraftsveke i veke 39
LOOP Miljøskole inviterer igjen til ei gratis, nasjonal berekraftsveke, saman med mattelærar, forfattar og eventyrar Håvard Tjora.
Med Bærekraftskolen Live får de tre digitale skulesendingar og eit tverrfagleg undervisningsopplegg som er lett å tilpasse, anten de har ein dag eller ei heil veke til rådvelde. Innhaldet er utvikla i samarbeid med fagekspertar og dekkjer dei tverrfaglege måla for berekraft i læreplanen.
Bærekraftskolen Live, kort fortalt:
→ I veke 39, med skulesendingar 21., 23. og 24. september
→ Med Håvard Tjora som programleiar og spennande gjester
→ Fleksibelt opplegg som kan fylle ei heil veke
→ Anbefalt for 4. til 7. trinn, men ope for alle påmelde!
→ Digitalt, delta frå kvar som helst
→ Heilt gratis!
Meld på klassen din her: https://miljoskole.loop.no/pamelding26/
Kven er LOOP Miljøskole?
LOOP Miljøskole gjer det enkelt å undervise om miljø og berekraft. På miljøskole.no får lærarar og pedagogisk tilsette undervisningsressursar om korleis og kvifor vi kjeldesorterer, kva som skjer med avfallet, og kvifor dette er viktig i eit ressursperspektiv. Materiellet er tilpassa læreplanane for alle trinn og kan brukast fritt i ulike fag og tverrfaglege prosjekt.
LOOP Miljøskole blir driven av LOOP Stiftelsen for kildesortering og gjenvinning, ei ideell stifting som lagar kommunikasjon og tenester som gjer det enklare å kaste mindre og sortere meir.