Sirkulære Sogn – saman om betre bruk av ressursane
Samarbeid for ein meir sirkulær region
Sirkulære Sogn er eit regionalt samarbeid som skal bidra til meir ombruk, sirkulær økonomi og berekraftig verdiskaping i Sogn. SIMAS er med i samarbeidet saman med kommunane Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland og Vik og Vestlandsforsking.
Målet er å auke kunnskapen om sirkulær økonomi og skape møteplassar der kommunar, næringsliv, forskingsmiljø og andre aktørar kan dele erfaringar og utvikle nye løysingar. Slik kan vi ta betre vare på ressursane vi allereie har – og samtidig skape nye moglegheiter i regionen.
Sirkulære bygg i praksis
22. september 2026 blir årets Sirkulære Sogn arrangert i Sogndal, som ein del av Klimaomstillingskonferansen. Temaet er «Sirkulære bygg i praksis».
Her blir det sett søkjelys på mellom anna ombruk av byggematerialar, smartare planlegging og korleis nye verdikjeder kan bidra til både mindre utslepp og ny verdiskaping. Arrangementet samlar arkitektar, entreprenørar, kommunar, forskingsmiljø og næringsliv.
Tid: 22. september 2026
Stad: Quality Hotel Sogndal
Påmelding innen 18 september: Klikk her for påmelding
Les meir på heimesidene til Sogn Næring.