Ledig stilling: Driftsoperatør i SIMAS

Vår nye driftsopertør vil få ei viktig rolle og allsidig jobb i ein framtidsretta bransje.

Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No er me på jakt etter ein ny kollega som kan hjelpe oss i arbeidet.

Ledig stilling: Driftsoperatør

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Som kundekonsulent har du ein viktig rolle med drift av miljøstasjonen vår på Kaupanger.

Arbeidsoppgåver vil bl.a. omfatte drift av miljøstasjonar, kundehandsaming og sortering av avfall/farleg avfall.

Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.

Vurdering av kandidatar med innkalling til intervju vil skje fortløpande, så ikkje vent med å søke.

  • Arbeidsstad: Festingdalsvegen på Kaupanger i Sogndal kommune

  • Omfang: Fast, heiltid

  • Søknadsfrist: 20.oktober 2025

Interessert? Søk via Jobbnorge

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Godt oppmøte på offisiell opning av ny miljøstasjon i Årdal