Julas sorteringsguide
Glansa gåvepapir, ribbefeit og brukte serviettar – i jula er det ekstra lett å gå i surr med sorteringa. Mykje av avfallet ser likt ut, men skal sorterast heilt ulikt for at ressursane skal kunne nyttast vidare og ikkje øydeleggje for gjenvinninga.
For å gjere det enklare har vi samla alt du treng å vite i éi oversikt. Her får du svar på kvar du skal kaste alt frå gavepapir og restar frå julemiddagen til lyslenkjer og aluminiumsfolie.
Du finn den fullstendige sorteringsguiden ved å laste ned Sortere-appen.
Appen gir deg raske og presise svar – også når du står ved avfallsdunken og lurer.
God sortering og god jul! 🎄
Gåvepapir-kaos?
Glansa og fargerikt gåvepapir høyrer heime i restavfallet. Det inneheld for lite papirfiber og for mykje fargestoff og leire til at det kan gjenvinnast – difor må det kastast som rest.
Vel du gåvepapir i naturmateriale, kan det sorterast som papir og bli til nye ressursar.
Enkelt å hugse:
Glans = rest.
Natur = papir.
Serviettar etter juleselskapet
Brukte serviettar med matsøl kastar du i matavfallet. Dei brytest raskt ned og passar godt i den grøne dunken.
Har du derimot store mengder serviettar – til dømes etter ei stor feiring – bør dei kastast i restavfallet. For mykje tørt papir i matavfallet er ikkje ønskjeleg.
Hugs:
Litt = matavfall
Mykje = restavfall
Øydelagde julelys
Elektriske produkt inneheld verdifulle råvarer som er krevjande å utvinne, og som verda har avgrensa mengder av. Utvinning frå gruver på andre kontinent gir store utslepp – difor er det viktig at elektronikk blir levert til gjenvinning.
Lyslenkjer og anna småelektronikk kan du levere gratis til alle butikkar som sel same type produkt, uansett merke – eller til næraste gjenvinningsstasjon.
Feitt og matolje fra julematen
Små mengder: Sorterast som matavfall.
Større mengder: Når du har nokre få desiliter, hell avkjølt feitt eller matolje på ei flaske og kast det i restavfallet. Har du endå meir, hell det på ein tett behaldar (gjerne originalemballasjen eller ei plastflaske) og lever det til gjenvinningsstasjonen.
Tørk av steikepanner og kjelar med tørkepapir før du vaskar dei – papiret kastar du i matavfallet.
Kvifor er dette viktig?
Feitt og olje som hamnar i vasken eller toalettet, stivnar i røra og bind seg til hår og anna avfall. Det dannar harde propper som kan føre til tette leidningar, pumpestopp og overlaup. Ved overlaup kan ureinsa avløpsvatn og toalettavfall renne rett ut i naturen.
Kva gjer du med juletreet når jula er over?
SIMAS hentar juletre rundt om i Sogn.
Du kan setje ut juletreet saman med avfallsbehaldarane ved den fyrste tømminga av restavfall i januar. Dersom treet er over to meter, må det delast i to før du set det ut.
Om du gløymer hentedagen, eller ikkje har høve til å setje ut treet, kan du levere det gratis på ein av miljøstasjonane våre.
Kunstige juletre sorterast som brennbar rest og leverast på næraste gjenvinningsstasjon. Vær obs. på fast monterte lyslenker! Elektronikk sorterast separat.
Bobleplast og plastemballasje
Plastemballasje skal sorterast som plast når ho er rein og fri for matrestar eller andre produktrestar. Skyll gjerne lett om det trengst, og rist emballasjen godt før du kastar ho i plastdunken.
Bobleplast høyrer òg heime i plastemballasje. Popp gjerne alle boblene før du sorterer – då tek ho mindre plass og gjer innsamlinga meir effektiv.
Rett sortert plastemballasje kan gjenvinnast og bli til nye produkt, noko som sparar både ressursar og miljø.
Batteri kjem i mange typar – frå små klokkesbatteri til større naudstraumsbatteri.
Samle brukte batteri i eit glas eller ei boks, og lever dei inn jamleg, til dømes når du pantar flasker. Du kan levere gratis til alle butikkar som sel same type batteri.
Batteri i restavfallet kan føre til brann – både heime, i renovasjonsbilen og på gjenvinningsanlegget.
Slik gjer du det
Teip polane på batteria.
Ta dei med når du skal i butikken eller til gjenvinningsstasjonen.
Lever inn!
Aluminiumsfolie og former
Aluminiumsfolie og aluminiumsformer kan sorterast som metallemballasje, så lenge dei er tømme for matrestar. Skrap av eller riv bort det meste av matrestane før du kastar dei i metallsorteringa. Det gjer ingenting om folien er litt svidd eller har fastbrente flekkar.
Må du bruke mykje vatn for å få folien rein, eller er det mykje matrestar igjen, kan du heller kaste ho i restavfallet. Det viktigaste er å unngå at matrestar skaper problem i gjenvinningsprosessen.
Når aluminiumsfolie blir sortert riktig, kan metallet gjenvinnast om att og om att utan å miste kvalitet. Det sparar både energi og naturressursar.
Fyrverkeri – slik handterer du det riktig
Brukt fyrverkeri kan du kaste i restavfallet når det er heilt avkjølt. Sørg for at det ikkje er glør eller restar som framleis kan ta fyr. Legg gjerne fyrverkerirestane i ein pose før du kastar dei, slik at dei ikkje fell frå kvarandre i dunken.
Eksplosjonsfarleg avfall, som ubrukt eller udetonert fyrverkeri, skal aldri kastast i restavfallet eller settast att heime. Slike produkt kan vere farlege å oppbevare og krev trygg handtering.
Du skal levere dei:
til butikken der du kjøpte fyrverkeriet, eller
til ein annan butikk som sel same type produkt.
Desse butikkane er pålagde å ta imot eksplosjonsfarleg avfall og sikre at det blir behandla forsvarleg.
Hugs: Ubrukt og udetonert fyrverkeri er fortsatt eksplosivt, og feil handtering kan føre til alvorlege uhell. Riktig levering er viktig både for tryggleiken og miljøet.
Ble det mykje pappøskjer og annan papp i jula?
Ta bort teip som er lett å fjerne før du sorterer – då blir gjenvinninga endå meir effektiv.
Brett pappen godt saman slik at han tek mindre plass, både i dunken heime og i bilen som fraktar han til gjenvinning.
Er pappen våt eller full av matrestar, kastar du han i restavfallet.