Forskyvd tømmekalender

I 2026 går SIMAS over til forskyvd tømmekalender. Det vil seie at tømmedagane ikkje vert den same dagen i veka heile året. Me anbefalar deg som har smarttelefon å laste ned appen MinRenovasjon, eller bruke søkefelt på framsida av simas.no slik at du har full oversikt over tømmekalenderen din. Dersom du skriv ut kalenderen vil du ikkje få oppdateringar i sanntid, dersom me på kort varsel må gjere endringar i tømmeplan. Ved endringar vil me halde fram med å sende sms-varsel og den digitale kalenderen på heimesida eller i appen blir automatisk oppdatert.

 

Slik fungerer det

Ved første raude dag i påska 2026 vil kalenderen bli endra. Alle tømmedagar skyvast fram etter raude dagar. Ny tømmedag gjeld for alle renovasjonsruter, sjølv om di rute ikkje har tømming på ein heilagdag. Tømmedagen kan også bli forskyvd om det er interne opplegg/hendingar hjå SIMAS som krevjar at alle er til stede. Me ynskjer å halde fram med å levere ei like god teneste, og frekvens på innsamling blir uendra.

 

Kvifor gjer me denne endringa

Dagens ordning skapar høy belastning for renovatørane spesielt rundt jul, påske og andre raude dagar som kan liggje til vekedagane. Ikkje minst om vinteren då det kan vere krevjande køyreforhold. Denne endringa gjer arbeidskvardagen og arbeidsvilkåra til renovatørane våre betre og meir føreseieleg.

Neste
Neste

Slik endrar du avfallsbehaldar på nett