SIMAS har signert kontrakt for ny veg til Festingdalen
SIMAS har no signert kontrakt med entreprenøren Ottar Dvergsdal AS for bygging av ny veg til anlegget i Festingdalen.
Den nye vegen er eit viktig tiltak for å sikre trygg tilkomst, god beredskap og stabil drift av miljø- og avfallsanlegget.
– Dette er ei svært viktig investering for oss. No får vi på plass ein trygg og framtidsretta veg som betyr mykje for både drift og beredskap framover, seier Dagny Alvik, direktør i SIMAS.
God dialog med Sogndal kommune
Prosjektet er utvikla i tett og god dialog med Sogndal kommune, som vertskommune og ein sentral samarbeidspartnar. Kommunen er ein vesentleg bidragsytar i prosjektet, og vil ta over vegen som offentleg veg når den står ferdig.
I prosjektet blir det også lagt til rette for friluftsliv, mellom anna med etablering av fleire parkeringsplassar.
God interesse for prosjektet
Kontrakten er tildelt etter ein open anbodskonkurranse i tråd med regelverket for offentlege anskaffingar. Det kom inn sju tilbod, noko som viser god interesse i marknaden.
Ottar Dvergsdal AS leverte det lågaste tilbodet og oppfylte alle kvalifikasjonskrav.
Planlagt byggestart i 2026
Arbeidet er planlagt med oppstart i august 2026 og ferdigstilling sommaren 2027.
SIMAS vil i samarbeid med entreprenør og samarbeidspartnarar arbeide for ei trygg og effektiv gjennomføring av prosjektet, med minst mogleg ulempe for omgivnadene.
Planlagd ny veg til hovudanlegget i Festingdalen