Grøn fredag nærmar seg!

♻️ Kjem du på Grøn fredag?

Det blir spennande foredrag frå grøne verksemder i Sogn – mellom andre Poden & Boden Sogndal, Myrudl og SIMAS.


🧦 Skal du kaste eller levere gamle klede til gjenbruk?

Jørn frå SIMAS kjem for å snakke om utsortering og gjenvinning av tekstilar – kor skal du eigentleg kaste den gamle sokken?


👕 Det som er gammalt for deg, kan vere ein skatt for ein annan. Grøn fredag er ei perfekt anledning til å starte julegåvehandelen – eller kanskje finne noko heilt spesielt til deg sjølv?

Lise Hølland, dagleg leiar i Poden & Boden, fortel om korleis det er å starte eigen butikk, og om hennar forhold til ombruk og redesign.


🧶 Kva med å gi bort ein heimestrikka genser til jul? Eller kanskje eit skjerf eller eit par varme sokkar?

Gunn og Siri deler historia om Myrudl – eit lett, mjukt og luksuriøst totrådsgarn frå Vik i Sogn. Garnet er plantefarga og produsert tett på natur, tradisjon og beitelandskap, med ull frå ei unik sauebesetning. Eit garn med sjel, kvalitet og ekte lokal forankring.

Les meir om Grøn fredag her.

Forrige
Forrige

Ledig stilling: Driftsoperatør i SIMAS

Neste
Neste

Gratulerer så mykje til fire av våre tilsette med fagbrev!