Gratulerer så mykje til fire av våre tilsette med fagbrev!

I SIMAS seier vi at vi skal ha ein bedriftskultur som ber preg av samskaping og engasjement. Å legge til rette for kompetanseheving er ein viktig del i dette. I SIMAS jobbar vi målretta med å vere ein kompetansearbeidsplass som gir dei tilsette meistring og tryggheit i arbeidet, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo, leiar for HMS/K og HR. 

Slagordet til Simas, som kjent, er «Ressursar på rett veg!», det gjeld både råvarene me handsamar på vegne av innbyggarane i Sogn, men også oss sjølv som selskap- og ikkje minst dei tilsette. I løpet av det siste året har fleire tilsette hjå oss teke etterutdanning. Dei nyutdanna har teke fagbrev innan gjenvinning- og anleggsmaskinførarfaget.

Gratulerer til Sandor Orsos, Svein Magne Kure og Per Christian Fredheim med fagbrev i Gjenvinningsfaget. Og gratulerer til Johannes Breisnes med fagbrev som Anleggsmaskinførar.

Eg er meget glad for å ha fått mulegheita til å ta fagbrev i Simas. Dette gjer meg stolt, og motivert til å utvikle meg vidare i bedrifta og ta meir utdanning.” - Seier Sandor Oros etter at han har fått det rykande ferske fagbrevet sitt.

Leiar for miljøstasjonane, Jan Frode Bolstad er positiv til utviklinga av dei tilsette: “Eg som leiar, håpar at dei med påfyll av kompetanse, i større grad kan være med på å løfte nivået til avdelinga og bedrifta. Eg ynskjer å kunne delegere nokon mindre og kortare arbeidsoppgåver til dei, for meir effektiv implementering i organisasjon.”

Neste
Neste

Tekstildagen torsdag 13.november