Søk tilskot

I dag kan du søkje tilskot til innkjøp av tøybleier og/eller komposteringsutstyr hjå SIMAS. Fyll ut skjema under!

Informasjon: Tilskot til komposetering

SIMAS gjeve støtte til kjøp av ny isolert kompostbinge for varmkompostering eller nytt utstyr til andre godkjende omdanningsprosessar, til dømes bokashi.

Ved kostnader over kr. 1000 får ein tilskot på 25 prosent av kostnaden, maks kr. 500. Dette gjeld kjøp av nytt utstyr.

Hugs kvittering!

NB! Innsendt kvittering må dokumentere at det er kjøpt inn produkt som SIMAS gjev tilskot til. Produktet må vere betalt før søknad er sendt inn. Vippsbetaling utan komplett kvittering og kvitteringar der det er uklart kva produkt som er kjøpt inn, vert ikkje godkjent.

Meir tilskot til heimekompostering.

Informasjon: Tilskot til tøybleier

SIMAS gir tilskot til dei som nytter/vil nytte tøybleier. Dette gjeld frå 1. april 2019.

Etter at me fjerna tilbodet om å kaste bleier i våtorganisk, ynskja me ei løysing til småbarnsforeldre som er bra for miljøet. Fleire kommunar gjev tilskot til dei som nyttar tøybleier og me har bestemt oss for å tilby det same.

Det betyr at du no kan få eit eingongstilskot på inntil 1000 kroner dersom du sender ein enkel søknad til oss. Tilskotet er avgrensa til 50 prosent av kjøpesum. 

NB! Kvitteringane må vere norsk eller engelsk.

Meir om tilskot til tøybleier.