Restavfall

 

Hushaldsavfall som ikkje kan kjeldesorterast skal i denne behaldaren. Hugs at det som ikkje får plass i behaldaren heime må leverast på miljøstasjonen.

 

Slik gjer du det

  1. Er du usikker på om noko kan sorterast, søk det opp på sortere.no. Visst det ikkje kan sorterast, kastar du det i restavfallet i ein vanleg pose.

  2. Restavfallet samlar du i eigen behaldar som blir henta av renovasjonsbilen.

Har du meir restavfall enn du får plass til i bahaldaren, kan du kjøpe raude sekker og sette ut på tømmedag. Då betalar du for sekken, medan innhaldet vert tatt med utan ekstra kostnad. Sekkene får du kjøpt på miljøstasjonen eller på kommunehuset.


—> Typiske ting du sorterer som Restavfall:

Støvsugarpose, Sugerør, Q-tips, Tyggegummi, Snus, Blandingsemballasje, Tilgriset emballasje.


—> Typiske ting du ikkje sorterer som Restavfall:

Småelektronikk, Måling, Syltetøyglas, Sprayboks, Brukbare klede, Småbatteri, Matemballasje.

Endre behaldar

Denne fraksjonen er den dyraste for abonnentane våre, då me i SIMAS ønskjer at folk skal gjenvinne meir og redusere restavfallet. Me tilbyr behaldarar i ulike størrelsar, ut frå behov. Sjå meir og bestill her.

Kjelde: Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Glasemballasje

Neste
Neste

Metall