Glasemballasje

 

Glasemballasje er emballasje av glas som det har vore mat, drikke eller andre hushaldningsvarer i. Skal i behaldaren for glas- og metallemballasje.

 

Glasemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar.

Knuselig produkt av glas, steintøy, porselen og keramikk, sorterer du ikkje saman med glasemballasjen. Desse har ein annan samansetning og kan øydelegge for gjenvinninga av glasemballasjen.

Produkt av glas, porselen og keramikk som er øydelagt, kastar du i restavfallet. Brukbare produkt kan du gje vekk eller selge.


Slik gjer du det

  1. Glasemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar. Tøm ut restar og skylj emballasjen i kaldt vatn. Om restane er vanskelege å få ut kan du la emballasjen stå i vasken i kaldt vatn eller vatn frå oppvasken. Du kan også bruke litt tørkepapir for å få bort restar.

  2. Rist emballasjen tørr.

  3. Legg gjenstanden løst i behaldaren for glas- og metallemballasje. Merk at glasemballasje ikkje skal ligge i pose oppi behaldaren. Behaldaren set du ut for tømming av renovasjonsbilen.


—> Typiske ting du sorterer som Glasemballasje:

Syltetøyglas, Glasflaske, Hudkremkrukke i glas, Medisinglas, utan medisinrestar.


—> Typiske ting du ikke sorterer som Glasemballasje:

Knust kopp, Krystallglass, Porselensprodukt, Keramikk, Speil, Kaffikanne.Nei takk: Knust kopp, krystallglas, porselen, keramikk, speil, kaffikanne.

 


Kjelde: Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Metallemballasje

Neste
Neste

Restavfall