Heimekompostering

Ein utmerka måte å nytte eigne ressursar på!

Matavfall utgjer om lag ein tredel av alt avfallet vårt. Ved å kompostera matavfallet heime, sparar ein miljøet for avfall og transport. Kompostjorda du lagar sjølv er òg den beste næringa du kan gje plantane i hagen din.

Kompostjord er så næringsrik at du ikkje lenger treng kjøpe gjødsel.

Tilskot til kjøp av komposteringsutstyr

SIMAS gjev støtte til kjøp av ny isolert kompostbinge for varmkompostering eller nytt utstyr til andre godkjende omdanningsprosessar, til dømes bokashi. Ved kostnader over kr. 1000 får ein tilskot på 25% av kostnaden, maks kr. 500.  SIMAS gjev tilskot til kjøp av nytt utstyr (ikkje brukt).

Krav til kvittering

Innsendt kvittering skal dokumentere at det er kjøpt inn produkt som SIMAS gjev tilskot til. Produktet må vere betalt før søknad er sendt inn. Vippsbetaling utan komplett kvittering og kvitteringar der det er uklart kva produkt som er kjøpt inn, vert avvist.

NB! Ein vil ikkje få tilskot til kjøp av kompostbingen Separett kompen når den vert kjøpt gjennom SIMAS.

Kompostering med bokashi

Bokashi er enkel kjøkkenkompostering av matavfall. Metoden omdannar alt av matavfall til næringsrik jord og gjødsel på få veker. Alt du treng for å starte med bokashi-kompostering er to lufttette bøtter og en pose bokashistrø.

Ein byrgjar med å fylle den fyste bøtta med matavfall. Når den er full set ein den til fermentering innandørs i to veker. Då byrgjar ein å fylle opp den andre bøtta.

Når denne er full, vil innhaldet i den fyste bøtta vere klart til å verte omdanna til jord. Innhaldet vert omdanna til jord når den kjem i kontakt med jord.

Bokashi Norge

Alt du treng for å starte med bokashi-kompostering er to lufttette bøtter (må ikkje vere bokashi-bøtte) og en pose bokashistrø. En pose bokashistrø (1 kg) held i omlag 3 månader i ei familie på fire. Faktisk forbruk avhenger av mengden avfall.

Les meir om prosessen - og kjøp utstyr på bokashinorge.no

SK1_ah_cropped_200pxs.jpg

Korleis startar du?

Kjøp inn nødvendig utstyr sjølv. Deretter kan du søkje om tilskot til komposteringsutstyr, og levere inn att våtorganisk behaldar (SIMAS hentar). Om ein skal nytte bokashi-metoden, må ein forplikte seg til fullføre prosessen i ein rankekompost/jordfabrikk. Ønskjer du å nytte ein kompostduk til rankekompost, kan du få kjøpt dette hjå SIMAS.

Kompostering i isolert kompostbinge

Ved kompostering av matavfall og hageavfall i isolert kompostbinge (varmkompost) føregår ein prosess der det våtorganiske materiale vert brote ned og omdanna til næringsrik jord.

For at ein slik prosess skal vere vellykka, er det viktig med lukka og isolert kompostbinge. Dyr skal ikkje koma i kontakt med avfallet og varme er viktig for rask og hygienisk nedbryting av avfallet. Ein slik kompostbinge held på temperaturen sjølv om vinteren.

Separett Kompen

Dette er ein isolert kompostbinge for heilårsbruk, som er produsert i miljøvennleg og resirkulerbart polyetylen-plast. Den er svanemerka og har 5 års garanti mot fabrikasjonsfeil.

Behaldaren har dobbel bunn, dreneringsrøyr og lufteventil i loket. Komposteringstid er omlag 10 til 12 veker. Den ferske komposten bør ligge til ettermodning, til dømes i ein haug/ranke saman med moden kompostjord, kvist eller anna hageavfall.

Lær meir om heimekompostering i heftet til naturvernforbundet.

kompostbinge.jpeg

Korleis startar du?

Send inn utfylt søknad om heimekompostering. Me vil bestille innlevering av våtorganisk behaldar og registrere eigedomen med reduksjon i renovasjonsgebyret. Abonnentar kan hente gratis strø på miljøstasjonane.