Avtale om heimekompostering

I Renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS er det opna for at abonnentane kan kompostere sitt eige våtorganiske avfall. Gebyret vert fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum.

Abonnenten forplikter å:

  • skaffe ein behaldar som er godkjent av SIMAS. Me kan formidle kjøp av behaldar

  • gjennomføre (eller ha gjennomført) kurs i heimekompostering

  • levere behaldar for våtorganisk avfall attende til SIMAS for å oppnå gebyrreduksjon - eller be om henting av behaldar

  • kompostere på ein hygienisk tilstrekkeleg måte, som ikkje tiltrekker seg skadedyr, medfører avrenning, vond lukt eller er til ulempe for omgjevnadene

  • kompostere alt våtorganisk avfall. Våtorganisk avfall skal ikkje kastast i anna behaldar eller gravast ned

  • gje beskjed til SIMAS dersom komposteringa vert avslutta (gebyrreduksjon opphøyrer)

Fyll ut skjema:

NB! SIMAS kan føre kontroll med at avtalen vert oppfylt. Ved brot på avtalen kan SIMAS inndra løyvet til å heimekompostere. Dersom abonnenten ikkje oppfyller opplysningsplikta, eller gir feil opplysningar, slik at det vert betalt for lågt gebyr, kan SIMAS føreta avrekning.