Teiknekonkurranse for 6. klassingar i Sogn

SIMAS utfordrar no elevar over heile Sogn til å teikne figuren Aluna Aluminium. Slik får dei vere med på å forme hovudrolla i eit nytt kjeldesorteringsprosjekt.

Denne hausten får alle 6. klassingar i Sogn tilbod om å vere med på ein teiknekonkurranse i regi av SIMAS og Ungt Entreprenørskap.

Oppgåva er å teikne sin eigen versjon av figuren Aluna Aluminium. Aluna skal vere ein type metallemballasje, men utover dette får elevane stor fridom til å utforme figuren slik dei ønskjer.

Fristen for å sende inn teikning er 1. januar 2023.

Blir hovudrolla i nytt videoprosjekt

Teikninga som vinn konkurransen, vil seinare bli digitalisert av ein illustratør. Aluna Aluminium skal nemleg spele hovudrolla i eit nytt videoprosjekt.

Gjennom videoprosjektet vil SIMAS syne reisa til aluminiumen - frå smelteverket til butikken, frå kjøleskapet til gjenvinningsstasjonen og til slutt som nytt produkt tilbake i butikk.

I tillegg til å få teikninga si nytta vidare i prosjektet, får vinnaren óg pizza til heile klassen sin, samt ei innramma originalversjon av Aluna Aluminium og eit diplom.

Meir merksemd kring sortering av metallemballasje

Teiknekonkurransen og videoprosjektet er del av eit større fokus hjå SIMAS; å auke kunnskapen om og eigarskapet til kildesortering blant innbyggjarane i Sogn.

– Me har tru på at dette prosjektet kan gjere folk meir bevisste på den lange reisa til metallemballasjen, og kor mange ganger ein faktisk kan nytte dette materialet før det er “ferdig”, fortel Dagny Ugulsvik Alvik.

– Ikkje minst ønskjer me å vise korleis kvar enkelt av oss bidreg inn mot denne reisa ved å sortere metallemballasje på korrekt måte. Det er det overordna målet med prosjektet.

Korleis blir Aluna sjåande ut til slutt?

Ein del av utfordringa for elevane er å klare å sjå for seg korleis figuren skal sjå ut.

– Me håpar at elevane brukar fantasien, seier Jørn Mortensen, som leiar prosjektet hjå SIMAS.

– Har Aluna kanskje hår på hovudet, briller eller fotballsko? Her er det ingen fasit.

Me i SIMAS gler oss til å sjå dei ulike forslaga!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Muggsopp - kor farleg er det eigentleg?

Neste
Neste

Slakteavfall