SIMAS opnar ny miljøstasjon i Årdal

Onsdag 11. juni klokka 10.00 opnar den nye miljøstasjonen i Årdal. Då blir det mogleg å levere avfall i ulike fraksjonar og få hjelp med appen MiljøID.

Mobilappen MiljøID er naudsynt for å kunne levere avfall på miljøstasjonane våre. Har du ikkje mobil med appar, kan du kontakte oss for å få tilsendt eit fysisk kort.

Hugs at me ikkje tek imot avfall i mørke/svarte bossekker. Dette for å sikre god sortering og trygg handsaming. Frå 1. juni 2025 har me på vegne av Årdal kommune einerett på handsaming av avfall frå private hushaldningar.

 

Mykje kan leverast gratis

  • Gratis å levere: Mange typar avfall er gratis å levere på miljøstasjon. Dette gjeld bl.a. elektrisk avfall, jernskrap, hageavfall og sortert hushaldningsavfall som papp, plastemballasje og metallemballasje. Komplett oversikt på lenka under.

  • Avfall med kvote: Andre typar avfall som ikkje er gratis, må ein i utgangspunktet betala for. Som abonnent hjå SIMAS får du ein årleg kvote på 3 kubikk gratis levering av avfall, dette blir registrert i appen MiljøID. Dette kan vere restavfall, møblar, tilgrisa papp og papir, bøker m/stiv perm.

Sjå komplett oversikt over fraksjonar og prisar her.

 

Sjå video: Så enkelt er det å levera på miljøstasjon

Forrige
Forrige

Endring i opningstider på miljøstasjonane frå 1. juni 2025

Neste
Neste

Starta “Framtidshage” i Sogndal med SIMASkompost