Plastparadokset

Vi ryddar strender, signerer opprop mot plast og vil helst kvitte oss med ho. Men samstundes som plastemballasje skadar dyr og natur, reddar ho mat og kuttar klimagassutslepp.

Vi diskuterer eit av dei mest omtalte materiala vi har – den geniale og samstundes grusame plasten.

Kjelde: Sortere.no

Nordmenn elskar taco. 80 prosent av nordmenn under 40 år et meksikansk mat minst éin gong i månaden, helst på fredagar (Ipsos, 2017). For å kunne ete taco treng vi ei heil rekkje ingrediensar, som tacolefser, kjøtdeig, reven ost, salat, tomat, agurk og rømme.

Alle desse produkta er pakka i plast, og dersom du vil gjere litt ekstra ut av det med heimelaga guacamole, er også den spisemodne avokadoen pakka i plast. Til saman blir det litt av ein plastfiesta.

At eit måltid genererer så mykje plast, kan gi ein ettersmak som er bitrare enn lime. Men blir det eigentleg betre utan plastemballasje?

 

1. Plast som miljøversting

Etter at ein kval stranda på Sotra, med 30 plastposar og mindre plastemballasje i magen, har det vakse fram eit enormt plastengasjement. Forskarane har visst dette lenge – at plasten finst overalt – men no har du og eg også blitt merksame på det.

At det er plast i havet, i fiskane, i fuglane og i menneska. Ei fersk studie viser at vi på verdsbasis i gjennomsnitt får i oss fem gram plast i løpet av éi veke, berre frå vatnet vi drikk (WWF, 2019). Fem gram tilsvarar vekta av eit kredittkort.

 

På havbotnen

Tidlegare i år vart ein rekorddykkar slått av ein plastpose. Han hadde nådd havets djupaste punkt, Marianergropa, lenge før dykkaren kom seg ned på 10 928 meter.

Vi veit at 43 prosent av plasten i havet er eit resultat av enkeltpersonar sitt forbruk på land (Hold Norge Rent, 2018). Det betyr at plasten i havet er ditt og mitt søppel. Vi veit òg at det oftast er produkta vi brukar på farten som finn vegen til havet og strendene. Drikkeflasker, ispapir, sjokoladepapir, smoothieposar, takeaway-koppar og yoghurtbeger.

Når vi ryddar strender, eller tek #5forhvalen på veg til bussen, er det sjeldan vi finn emballasje frå agurk og gulrøter. Plastemballasjen vi tek med oss heim frå butikken er vi stort sett flinke til å sortere – og i verste fall hamnar ho i restavfallet.

2. Plast som miljøhelt

Emballasje er det første vi møter når vi kjøper eit nytt produkt, og ho har hovudsakleg fire funksjonar. Ho skal beskytte produktet, auke haldbarheita, gi informasjon om produktet og bidra til å selje det.

Kor mange av oss har vel ikkje blitt lurte av ei «fresh» innpakning, og djupt skuffa når vi smakar på sjølve produktet? Men for tida er det kanskje endå fleire som blir skuffa over at maten dei kjøper i det heile er pakka i plast.

«Unødvendig plastemballasje» har blitt eit mykje brukt omgrep, men kva er eigentleg unødvendig plastemballasje? Og er det i frukt- og grøntavdelinga vi bør redusere plastbruken, slik eit opprop med nesten 100 000 underskrifter krev?

 

Salat på samvitet

I Noreg kastar vi i snitt 73 kilo mat i året som kunne og burde vore eten. Hushalda står for 58 prosent av dette, til saman om lag 230 000 tonn, og 25 prosent av dette er frukt og grønsaker (Matvett, 2017). Vi har med andre ord mange salatar og tomatar på samvitet.

Når maten er pakka i riktig emballasje og blir oppbevart ved riktig temperatur, aukar sjansen for at han blir eten opp. Det er bra for miljøet.

Matsvinn står for om lag åtte prosent av verdas klimagassutslepp, og det krev i snitt fem gonger så mykje energi å produsere mat som å lage plastemballasje. I tillegg slepper matproduksjon ut seks gonger så mykje CO₂ (Nofima, 2016).

Forlengd haldbarheit

Matforskingsinstituttet Nofima har undersøkt kva som skjer med frukt og grønsaker når dei blir oppbevarte med og utan plast, både i og utanfor kjøleskapet. Det gjekk dårlegast med frukta og grønsakene som låg utan plast i romtemperatur. Gulrøter og reddikar miste til dømes 90 prosent av vassinnhaldet og skrumpa heilt inn.

Frukt og grønt i kjøleskapet utan plast miste også ein del fukt, medan frukt og grønt i kjøleskapet med plast heldt seg aller best (Nofima, 2019).

Plast tek vare på maten og gjer at han varer lenger. Men for at miljørekneskapen skal gå opp, må vi bli flinkare til å ete opp maten. Nettopp fordi vi ikkje alltid er det, har til dømes skiva ost eit betre miljørekneskap enn heil ost. Sjølv om skiva ost har meir emballasje per kilo, kastar vi sju prosent av skiva ost, medan talet for heil ost er 12 prosent (Nofima, 2016).

Kuttar vi plastemballasje for å vere miljøvennlege, men endar opp med å kaste meir mat, går klimarekneskapen i minus.

Når utsida tel

Lyfter vi blikket frå frukt- og grøntdisken og over til til dømes næraste elektronikk- eller leiketøysbutikk, får omgrepet «unødvendig plastemballasje» verkeleg meining. Emballasjen som blir brukt her skal ta vare på produkta, men dette er ikkje ferskvarer på same måte som mat.

Emballasjen blir også brukt aktivt for å selje produkta, og er derfor ofte svært overdimensjonert. Treng eigentleg minnebrikka og leikebilen emballasje som er mange gonger større enn dei sjølve?

Potensialet for å kutte i plastforbruket her er enormt, og no prøver mellom anna Jernia å gjere noko med det.

Faktaboks: Gjenvinning for miljøet

Plastemballasjen som blir sortert i Noreg går til europeiske sorterings- og gjenvinningsanlegg. Plastemballasjen frå Noreg er ei attraktiv råvare fordi ho har svært høg kvalitet.

Men kapasiteten for gjenvinning av plast i Europa er sprengd. I mange år har mykje plast frå andre europeiske land, og ikkje minst frå USA, blitt eksportert til Kina og andre asiatiske land. Det siste året har desse landa stoppa importen fordi plasten har for dårleg kvalitet og hamnar på avvegar.

Europa og Noreg er no i ein omstillingsfase der det blir bygd ut meir lokal kapasitet for gjenvinning av eigen plast (vi må berre ha litt tolmod).

Etterspurnaden etter plast – og ikkje minst gjenvunnen plast – aukar på verdsbasis, og fokuset på gjenvinning og resirkulerte råvarer blir stadig større.

Utan gjenvinning blir miljøet taparen. I verste fall, utan ein god infrastruktur for innsamling og gjenvinning, kan plast bli eit endå større forsøplingsproblem.

 

3. Plast som later som ho ikkje er plast

Plast er eit fleksibelt materiale med gode eigenskapar. Ho er billeg å produsere og veg lite, noko som også gjer transporten meir miljøeffektiv. Samstundes er plast ei av vår tids største miljøutfordringar.

Dette har skapt eit stort engasjement hos folk flest og miljøorganisasjonar, men også hos kommersielle aktørar som veit at miljøvenlege produkt er eit tidsriktig val. Medan mange protesterer høglydt mot plastbruk, prøver produsentar å utvikle produkt som gir deg kjensla av at du er med på å løyse plastproblemet – og dermed kan få betre samvit når du vel produkta deira. At noko blir kalla miljøvenleg, aukar også betalingsviljen.

Miljøvenleg plast – berre søppel?

Det kjem stadig fleire «grøne» produkt på marknaden som gir deg ei kjensle av at du gjer noko bra for miljøet når du kjøper dei: bioplast, komposterbar plast og nedbrytbar plast.

Men kva betyr eigentleg dette, og finst det eit alternativ som både kan møte etterspurnaden etter plast og samstundes løyse miljøutfordringane dagens plastbruk skaper?

Forskarar, miljøorganisasjonar og produsentar er usamde om svaret, men den førebelse konklusjonen er: Dessverre ikkje.

Vi forklarer litt kvifor.

Bioplast er produsert av biomasse, til dømes cellulose, mais, sukkerrøyr og vegetabilske oljar. Det finst ingen krav til kor mykje biomasse eit produkt må innehalde før det kan kallast bioplast. Derfor kan innhaldet av biomasse vere så lågt som 20 prosent, medan resten er fossilt – altså oljebasert. Det er usemje om det finst nok landareal og dyrkbar mark til å produsere nok bioplast til å erstatte den fossile delen, utan at det vil gå kraftig utover matproduksjonen på kort og lengre sikt.

4. Plast i perspektiv

Kort oppsummert kan vi seie at plastemballasje tek vare på maten, men at det samstundes er for mykje plastemballasje fordi ho er så billeg å produsere. Derfor kallar vi det plastparadokset.

Det er også lett å gløyme at det finst plast i det meste vi omgjev oss med – ikkje berre rundt maten i bereposen. Plastforsøpling har blitt eit globalt problem, og skal vi få bukt med det, må det takast grep. Produsentane må kutte plast der dei kan, og i større grad ta i bruk resirkulert plast. Myndigheitene må leggje til rette for at dette faktisk skjer, ved å gjere det lønnsamt å velje resirkulert plast framfor fossil plast. I dag er situasjonen motsett.

Og vi? Som forbrukarar har vi meir makt enn vi trur. Produsentane kjempar om merksemda vår. Kjøper vi «ostesticks» som er pakka i plast, som igjen er pakka i plast, er det nettopp slike produkt butikkane vil tilby oss.

Vi har makt gjennom vala vi tek – kvar einaste dag. Vi kan også bidra ved å avgrense plastbruken vår og kjeldesortere plastemballasjen slik at ho kan brukast på nytt. Saman kan vi vere med på å redusere behovet for å hente ut fossile råvarer, og ikkje minst bidra til å redusere omfanget av miljøutfordringane plast fører med seg.

Og det gir ein endå betre smak i munnen enn fredagstaco.

Neste
Neste

Vi har samla viktig informasjon i ein brosjyre!