Ny løysing for utlevering av plastsekkar og bioposar for burettslag og sameige
Frå hausten 2026 må alle burettslag og sameige registrere seg for å få utlevert plastsekkar og bioposar. Dette erstattar dagens løysing med å sende epost eller ringe inn til SIMAS for å bestille. Det er styreleiar som må registrere sitt burettslag eller sameige. Registreringa må skje innan 13. september 2026.
Når får burettslag og sameige utlevert plastsekkar og bioposar?
Husstandar får utlevert plastsekkar i veke 40-42. Burettslag og sameige får utlevert plastsekkar og bioposar i påfølgande veker etter dette.
Kvifor gjer SIMAS IKS denne endringa?
I eit vanleg hushaldningsabonnement er det inkludert ein rull med plastsekkar per år i grunngebyret. Om ein abonnent ynskjer fleire rullar utover dette lyt abonnenten betale for rullen med plastsekkar. Gjennom den nye ordninga har SIMAS betre kontroll på utlevering av plastsekkar.
Kva gjer me når det er tomt?
Då kan de bestille plastsekkar og biosekkar via ein ny portal som vert klar snart og lagt ut her.