No blir det innført kundeidentifisering på miljøstasjonane

Det nye tilgangsbeviset finn du i appen miljøID.

Frå 7. mars treng du tilgangsbevis for å levere avfall på Simas sine miljøstasjonar i Sogndal og Luster. Dette gir deg redusert pris på avfallet du leverer.

Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på din telefon. I løpet av året vil dette gjelde alle miljøstasjonane våre.

 

Last ned ditt tilgangsbevis - PRIVAT

For å kunne levere avfall på våre miljøstasjonar til redusert pris, må ein identifisere seg ved betaling. Dette blir gjort for å sikre at det kun er abonnentar som betaler renovasjonsgebyr som får levere på miljøstasjon til abonnentpris.

I appen vil du få oversikt over eigedomar som du står som tinglyst eigar på. Dersom du ynskjer å delegere tilgang til leigetakar, gjer du dette i appen.

Slik gjer du:

  1. Last ned appen frå Google Play eller AppStore.

  2. Logg inn ved å identifisere deg med BankID.

  3. Del eventuelt tilgang til eigedom med andre i hushaldninga.

Har du ikkje smarttelefon? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort.

Last ned ditt tilgangsbevis - NÆRING

Verksemder og næring skal også ta i bruk tilgangsbevis på app eller nytte fysisk kundekort for å kunne få faktura på levering. Som næringskunde kan du levere avfall utan tilgangsbevis, men då må betaling skje enten med kort eller vipps.

Det er også viktig å skilje mellom private hushaldingar og næringsdrivande som kundar på våre gjenvinningsstasjonar. Næringsdrivande betaler ikkje renovasjonsgebyr og skal levere avfall til ordinære prisar.

For at næringskundar skal ha tilgang til app treng me å få tilsendt e-post adresse til kontaktpersonen i verksemda dykkar. Denne personen kan så delegere tilgang vidare til andre tilsette som leverer avfall på miljøstasjon.

Levering utan å bruke MiljøID eller kundekort vil medføre ekstra kostnad, og ein lyt betale på staden.

Ynskjer di verksemd kort i staden for/i tillegg til app? Kontakt oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort (kr. 200,-).

 

Generelt

  • Miljø ID er tilgjengeleg for smarttelefonar med Android eller iOS (Apple) operativsystem.

  • Treng du hjelp med installasjon? Klikk her for å laste ned rettleiar.

  • Appen er utvikla av Vest systemparter (VSP).

 

Ofte stilte spørsmål


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Desse laurdagane er miljøstasjonane opne i vår

Neste
Neste

SIMAS søkjer trainee innan berekraft og kommunikasjon