Leige ut bustad i Sogn i sommar? Hugs kjeldesorteringa
Ved å gjere det enkelt for gjestane dine å sortere rett, minimerer du restavfallet ditt og bidreg til god avfallshandtering også i ferietida.
På sommarstid kjem det mykje folk til regionen som ikkje kjenner sorteringssystemet vårt. Anten du leiger ut, låner bort hytta eller har sommargjester på besøk, er det lurt å leggje til rette for god kjeldesortering.
Her kan du sjå korleis du gjer det enkelt for gjestene dine:
Legg til rette for god sortering:
Sørg for riktige posar og behaldarar
Ha bioavfallsposar og posar til plastemballasje lett tilgjengeleg, og pass på at det finst eigne behaldarar for dei ulike avfallstypane.Heng opp sorteringsguiden frå SIMAS
Me har utforma ei enkel oversikt over sortering av ulike typar avfall. Denne finst på norsk, engelsk og ukrainsk. Last ned sorteringsguide gratis her.Oppmod gjestane til å sortere
Ein liten beskjed kan gjere stor forskjell. Oppmod gjestane til å kjeldesortere, og vis dei vidare til sortere.no kor dei kan søke opp ting dei skal kaste viss dei er usikre.
Når du legg til rette for god kjeldesortering, blir det enklare for gjestane å gjere rett. Det bidreg til mindre restavfall og ei betre avfallshandtering – også i ferietida.
Takk for at de sorterer!
Sorteringsguide på norsk, engelsk og ukrainsk:
Klikk på bildet for å laste ned.