Ledig stilling som renovatør/sjåfør
SIMAS søkjer renovatør til renovasjonsbil i 100 % fast stilling.
Visste du at kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året? Alt dette er avfall me ønskjer å sjå som ressursar. No treng me ein ny sjåfør/renovatør som skal hjelpe oss med å få “Ressursar på rett veg”.
Sjåførane våre er ein viktig del av den daglege drifta, og handsamar avfall i alle SIMAS sine eigarkommunar; Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.
Me kan tilby ein variert og kjekk kvardag, kor du vil vere sjåfør på renovasjonsbil og utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr.
Søknadsfrist 31.august.2026!