Gratiskvote på levering av avfall

mann som kaster metallavfall i festingdalen

Frå neste år kan du levere tre kubikk med avfall gratis ved å bruke Miljø-ID. Dette gjeld privat hushald ved levering av avfall på miljøstasjonane. 

– Me ønskjer å oppmode folk til å bruke miljøstasjonen aktivt og bli betre på å sortere. Det løner seg for alle. Difor gir vi kundane våre moglegheit til å levere tre kubikk med gratis avfall, avfall dei vanlegvis må betale for, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, administrerande direktør i SIMAS.

Er ein flink å sortere fraksjonane før ein kjem på miljøstasjonen, kan det være du betalar enda mindre. Det er nemleg mange fraksjonar du kan levere gratis utanom kvoten, som farleg avfall, kvitevarer, elektrisk avfall, metallskrap og hageavfall.

– I tillegg jobbar me med å få på plass ombruksstasjonar på alle miljøstasjonane våre. Så då kan du setje frå deg ting det framleis er liv i, som du ikkje treng lenger.

Gratiskvota gjeld frå 1. januar og registrerast når du nyttar tilgangsbevis via appen Miljø-ID.

Ingen auke i gebyr for 2023

For femte år på rad vil renovasjonsgebyret bli uendra, tross for prisstigning elles i samfunnet. Eit standard abonnement kostar framleis kr 4085,- i året.

– Me veit at mange synast gebyret er høgt nok som det er. Me er eit avfallsselskap som opererer i «grisgrendte strøk», så transportkostnaden er stor. Men då er det jo gledeleg at me klarar å halde gebyret utan auke for femte år på rad, noko eigarkommunane våre har stemt for, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, administrerande direktør i SIMAS.

glad renovatør i renovasjonsbilen

Fleire godar til abonnentane

I tillegg til gratiskvote og uendra gebyr, har SIMAS fleire godar til abonnentane. Dette er for å motivere alle til meir sortering av avfallet i heimen.  

  • Er du flink til å kjeldesortere, og kan gå ned til 80 liters restavfallsdunk, vil du spare kr 505,- per år. Det årlege gebyret blir då kr 3580,-

  • Om du vil auke størrelsen på papir, våtorganisk- eller glas- og metalldunken, kostar det ikkje noko meir i gebyr. Det vil vere ein kostnad for å hente inn/byte dunk, men dersom du byter dunk på næraste miljøstasjon er det gratis.

  • Du kan levere så mange plastsekker du vil på renovasjonsruta. På rullen med plastsekker er det 18 stk. Treng du fleire kan du kjøpe plastrull på miljøstasjonane for kr 40,-.

– Me håpar jo dette motiverer. At du kan få redusert gebyret om du kastar mindre restavfall, er jo ei fin gulrot, seier Ugulsvik Alvik.

Sjå fleire prisar her.

Andre reduksjonar i gebyret

Det er også gjort ein reduksjon i gebyret på kr 690,- for dei som bringer avfallet til fellesbehaldar, eller er i fritid «kategori 1».

– Og for dei som må trille dunkane langt, blir det ein større avstandsreduksjon i gebyret. Her blir reduksjonen gitt i prosent av grunngebyret, etter avstand. Altså vil dei som fraktar dunkane over 1,1 km få ein reduksjon på 690 kroner, forklarar Ugulsvik Alvik.

Har du spørsmål, ta kontakt med oss i SIMAS, så hjelper vi deg!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva er gevinsten av å sortere?

Neste
Neste

Muggsopp - kor farleg er det eigentleg?