Avfallskalender for Vik

Frå 1. januar 2026 finn du avfallskalenderen på framsida.

No slepp du å bla i tømmekalenderen som PDF. Du kan søkje opp adressa di øverst på nettsida og få opp dato for neste tømming.

Dette er ei løysing me har ønskt oss lenge. Ho gir betre oversikt for deg som innbyggjar og gjer det enklare å få med seg endringar. PDF-kalendrane me brukte tidlegare måtte oppdaterast manuelt kvar gong det var endringar eller feil som vart oppdaga. No går alt automatisk. Endringar blir oppdaterte fortløpande, så kvar gong du søkjer opp adressa di, får du alltid oppdatert informasjon.

Samstundes oppmodar me deg til å ta i bruk appen Min renovasjon, der du kan få pushvarsel som minner deg på når dunken skal tømmast.

-

NB! I 2026 innfører me forskyvd tømmekalender. Det betyr at tømmedagen vil endre seg i løpet av året. Endringa vil ikkje merkast før rundt påsketider, ved første raude dag. Me kjem med meir informasjon om dette seinare.

Smarttelefon som viser SIMAS-nettsiden for å finne tømmedag ved å skrive inn adresse eller gårds- og bruksnummer.
Mobilskjerm med norsk avfallsapp for Valmuegata 34 i Solby, som viser hentedatoer for restavfall, matavfall, plastemballasje, papir, papp, kartong samt glass- og metallemballasje.

Få varsel om tømming

Har du prøvd appen vår? Den varslar deg når avfallet vert tømd på adressa di og fortel kva behaldar du skal setje ut.

Du kan også gjera endringar i ditt abonnement gjennom «Mi side» i appen.

→ Google Play → Appstore