Tilskotsordning for fritidsbåtar
Alle våre miljøstasjonar tek imot båtar inntil 15 fot. Større båtar må leverast til Festingdalen for mellomlagring før det vert send til godkjend sluttmottak.
Stortinget har vedteke ein statleg finansiert tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar. Tilskotsordninga skal bidra til å sikre forsvarleg handsaming av kasserte båtar og stimulere til auka innsamling til materialgjenvinning og anna lovleg handsaming av desse. Ordninga skal slik forebygge at kasserte fritidsbåtar kjem på avvege. Alle SIMAS-miljøstasjonane tek imot fritidsbåtar etter denne nemninga:
"Med fritidsbåtar meiner ein her fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 fot (4,57 meter), uavhengig av totalvekt, og som nyttast utanfor næringsverksemd. Mindre fartøy som kano og kajakk inngår i tilskotsordninga."
Fritidsbåtar med aluminiumskrog, samt kjøl og ballast i metall, omfattast ikkje av denne tilskotsordninga. Alle miljøstasjonane i SIMAS-kommunane tek imot båtar inntil 15 fot, men større båtar må leverast til Festingdalen for mellomlagring før det vert send vidare til godkjend sluttmottak.
Motor skal fjernast og leverast separat på miljøstasjonen, tom for bensin/olje.
Slik får du utbetalt 1 000 kr i vrakpant
1. Last ned, skriv ut og fyll inn skjema for levering av fritidsbåt
2. Lever båten på miljøstasjonen og få papirskjemaet signert
Ta med deg ferdig utfylt papirskjema til miljøstasjonen, og lever båten. SIMAS vil signere skjemaet. Berre éin båt per skjema.
3. Logg inn med MinID/ID-porten på Elektronisk søknadssenter (Miljødirektoratet)
4. Fyll ut det elektroniske skjemaet "Vrakpant på fritidsbåter"
Ta bilde av eller skann signert papirskjema med bekreftelse på at du har levert båten hjå SIMAS. Last opp dette som vedlegg til søknaden.