Brukbare klede og tekstil til ombruk og øydelagde klede og tekstil til gjenvinning

Klede og tekstilar må vere reine og tørre når du leverer dei inn. Dette gjeld både for innlevering til ombruk og til gjenvinning.

Forklaring på kva klede og tekstil som skal til ombruk eller gjenvinning finn du nedover på denne sida.

 

Slik gjer du det

  1. Ha ein fast plass der du samlar tekstiler, klær og sko.

  2. Ta dette med deg til ein tøyinnsamlingsboks eller når du skal til gjenvinningsstasjonen.

 

Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller har eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt.

Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar.

Brukbare sko, i par, leverast inn saman med brukbare klede og tekstilar. Skoa skal vere heile, reine og tørre. Manglar skoa lisser eller har mindre skjønnheitsfeil kan dei framleis gå til ombruk.

Øydelagde klede og tekstilar er reine og tørre klede og tekstilar som er utslitne, holete, flekkete eller som av andre årsaker ikkje lenger kan bli brukt.

Pakk tøyet i en plastpose som held det tørt. Levér neste gong du er innom ein miljøstasjon.

Øydelagde klede og tekstilar som er blaute eller tilgrisa slik at dei ikkje blir reine etter vask sorterast som restavfall.

Det same gjeld utslitne sko. Einslege sko uansett kvalitet kastast i restavfallet. Mindre tekstilar som sokkar og undertøy egnar seg dårleg for gjenvinning, det kan du kaste i restavfallet heime. Kle som er satt saman av av mange ulike material og fiber, er per no ikkje gjenvinnbare og om det er øydelagd, kastar du det i restavfall.

Puter og dynar kastast i restavfall.

—> Typiske ting du sorterer som klede og tekstil til ombruk:

Brukbare klede, Undertøy, Sokker og strømpebukser, Belter, Hattar og lurar, Vottar og hanskar, Fleecegenser, Skjerf, Tekstil, Handklede, Sengetøy, Gardiner, Stoffrestar, Dyne og pute, og Skinnfell.

—> Typiske ting du sorterer som klede og tekstil til gjenvinning:

Utslitne klede, Rivne tekstilar, Misfarga tekstilar, Flekkete klede, klede som er laga av eitt og same material t.d. bomullsgenser, denim jeans eller ein ullgenser.

Kjelde: sortere.no

 

Kva skjer med det du har sortert?

 

Ombruk

Tekstil og kle som vert gitt gjennom ombruksavtalen til Fretex blir selt i Fretex sine butikkar i Noreg, eller eksportert til utlandet. Les meir om Kva som skjer med det som vert gitt til Fretex her.

 

Attvinning og ombruk lokalt

På vegne av Sogneprodukt og ATS Gaupne samlar me inn ulike typar tekstil, som de gjer nytte av i nye produkt. Dette er eit flott døme på lokal verdiskaping, der folk får arbeid, og tekstila får lengre «levetid» som noko nytt.

 

Tekstilavfall

For kle og tekstil som er av dårleg kvalitet, eller er øydelagde, er det diverre ingen god løysing for attvinning per no. På vegne av eigarkommunane våre følgjer me nasjonale krav, og har lagt til rette for utsortering av kle og tekstil på miljøstasjonane i vår region. På grunn av dårlege eller ikkje-eksisterande moglegheiter for attvinning av tekstil vart samarbeidet om handtering av tekstilavfall med Fretex avvikla. Så snart det vert gode løysingar for materialattvinning av tekstil, vil me starte opp at med å sende tekstil og kle til resirkulering. Per no blir diverre øydelagde tekstilar sendt saman med restavfallet til forbrenning, der ressursane vert brukt i produksjon av varme og straum.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Vindauge

Neste
Neste

Møbel