Småbatteri

 

Batteri er alt frå småbatteri i klokker, til vanlege batteri du bruker heime og store nødstraums batteri.

 

Samle brukte batteri i eit syltetøyglas, ein isboks eller ein annan behaldar.

Levér inn batteri regelmessig, for eksempel samtidig som du panter flasker. Da unngår du å samle opp store mengder batteri, som kan utgjere ein brannfare. Du kan levere batteri gratis til alle butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke.

Batteri som feilaktig blir kasta i restavfallet er ein brannrisiko – både i avfallsbehaldaren, under transport og på gjenvinningsanlegget.

Slik gjer du det

  1. Teip polane på batteria før du leverer dei inn. Det er ofte litt restenergi i batteria, og da unngår du at dei utgjør ein brannfare.

  2. Ta med batteria og lever gratis til butikken når du handlar (eller når du skal til gjenvinningsstasjonen).

  3. Levér inn!

 
  • Levér desse batteria på ein butikk som sel same type batteri, eller til næraste gjenvinningsstasjon som farleg avfall.

    Batteri som inneheld kadmium (Cd), kvikksølv (Hg) eller bly (Pb) er miljøskadelege batteri.

  • Levér desse batteria på ein butikk som sel same type blybatteri, eller til næraste gjenvinningsstasjon som farleg avfall.

    Blybatteri er blant anna startbatteri som bil- og båtbatteri.

  • Du kan også levere batteri til gjenvinningsstasjonen.

    Dersom butikken din ikkje tar imot batteri, anbefaler vi at du tar kontakt og informerer hovudkontoret i kjeda. Alle butikkar som sel batteri er forplikta til å ta imot brukte batteri til gjenvinning.

  • Det er anbefalt å levere desse til gjenvinningsstasjonen. Der har dei best kompetanse på trygg handtering av skadde batteri.

Kjelde: sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bilbatteri

Neste
Neste

Reingjeringsmiddel