Kor reint er reint nok?

God sortering og rein emballasje gir god utnytting av ressursar

Foto: Herman Ekendahl-Dreyer for LOOP

Viss emballasjen er skitten får han dårlegare kvalitet og blir vanskelegare å gjenvinne. Ein kan ikkje lage ny emballasje av matrestar - difor er det viktig at emballasjen er nokolunde rein når du sorterer han.

Slik gjer du:

  1. Fjern matrestar og skyl emballasjen

  2. Rist den drypptørr eller la den tørke litt

  3. Sorter i riktig behaldar

NB! Det er ikkje nødvendig å ta fram vaskekost og såpe. Bruk temperert vatn frå springen til å skylje vekk så mykje matrestar du kan. Det er som regel godt nok.

Kor rein skal emballasjen vere?

På bilda under kan du sjå nokre døme. Klikk på kvart bilde for stor versjon.

“Hugs: Ein kan ikkje lage emballasje av matrestar!“

- Aluna Aluminium