Gebyrmodell for renovasjon

Reduser restavfallet og få lågare gebyr.

Frå 2020 innfører kommunane i SIMAS-regionen ein ny gebyrmodell med eit grunngebyr og ein variabel del. Modellen legg opp til å redusere mengda restavfall ved at husstandar som er flinke til å kjeldesortere kan få lågare gebyr.

Ved å dele inn i eit grunngebyr og ein variabel del får me ein meir målretta modell. Den faste delen av gebyrgrunnlaget (grunngebyr) er likt for alle hushaldningsabonnentar, medan den variable delen er avhengig av restavfallsbehaldaren sin storleik.

Dei fleste andre avfallsselskapa i landet har gått over til tilsvarande modell, og etter ureiningslova § 34 bør kommunane «fastsette differensierte gebyrer, der dette vil kunne bidra til avfallsreduksjon og økt gjenvinning».

Sjølv om gebyrmodellen endrar seg i 2020, vert prisen uendra for deg som har normalhushald (140 l. behaldar for restavfall). For 340 kroner i månaden tømmer me fire behaldarar med avfall, hentar plastsekk og du har tilgang til miljøstasjon og returpunkt.

Husstandar som er flinke til å sortere avfallet, kan gå ned til ein 80 l. behaldar på restavfall og betale redusert gebyr. Dette var ikkje mogeleg med den gamle gebyrmodellen. Våre plukkanalysar syner at så mykje som 75% av restavfallet kunne vore sortert ut.

Nyttar matrikkelen ved fastsetjing av gebyr

Ved fastsetjing av gebyr held SIMAS seg til offentleg eigedomsregister, matrikkelen. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og tal abonnement ein eigedom skal vere registrert med. Ved å basere renovasjonsgebyret på tal abonnementeiningar kan me nytte matrikkelen som ei objektiv og sikker kjelde. Det er når SIMAS har eit sikkert og objektivt informasjonsgrunnlag at det er mogeleg å sikre likebehandling av forskrifta.

Det vil sei at om det til dømes er registrert ei bueining i matrikkelen på ein eigedom, er eigedomen pålagt eit grunngebyr. Om ein eigedom har registrert to bueiningar i matrikkelen, er eigedomen pålagt to grunngebyr, etc.

Reduksjon i gebyr

Simas har tidlegare hatt ei ordning der husstandar med ein bebuar kan søkje om reduksjon i gebyret. Dette er ei ordning som ikkje er i samsvar med regelverket, og desse hushaldningane vil i 2020 få ei auke i gebyret med 95 kroner i månaden. Samla grunngebyr og variabel del for småhushald blir då 3791 kroner for 2020. Det vert framleis mogeleg å oppnå redusert gebyr for deg som gjer avtale om heimekompostering eller deling av behaldar.

Endring i hytterenovasjon

Som mange andre avfallsselskap opplever SIMAS ei stor auke i avfallsmengda frå hytter. Dette heng saman med at hyttene er blitt større, er meir i bruk og mange av dei har utleige. I dagens modell har alle hytter same gebyr. Frå 2020 vil ei hytte utan vatn og straum betale 817 kroner i året, medan ei stor hytte med utleige vil få eit gebyr på 3791 kroner. Eigarkommunane har no vedteke ein ny gebyrmodell for hytterenovasjon frå 2020 der me regulerer gebyret etter standarden på hytta basert på fire kriterium.
Som eigar må du no registrere inn hytta eller fritidsbustaden din i rett kategori.