Når kan ein be om fritak av gebyr?

I SIMAS-kommunane (Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Høyanger) er det tvungen renovasjon og slamtømming jf. renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS (Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap) § 4, jf. § 2. Dette inneber at dersom ein eig ein eigedom der det er registrert gebyrpliktige bygg, er eigar av eigedomen pålagd å betale eit gebyr pr. eining til SIMAS, jf. § 17 og § 3. Gebyrpliktige bygningar er mellom anna bustadhus og fritidshus som hytter.

 

Heimelen for å krevje renovasjon- og slamgebyr

I lov av 13. mars 1981 om vern mot forurensninger og om avfall vart det bestemt av Stortinget at kommunane hadde ansvar for innsamling av avfall frå privatpersonar. Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Høyanger gjekk saman for å få til eit samarbeid om denne innsamlinga. Slik vart SIMAS IKS oppretta. SIMAS-forskrifta var gjeven med heimel i forurensningsloven §§ 9, 26, 30-34, 37, 79, 83 og 85 for å sikre den praktiske gjennomføringa av avfallshandteringa.

 

Variasjonar i gebyret

Renovasjon- og slamgebyret skal fullt ut dekkje kostnadane med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet og slammet, jf. § 17. Den største kostnaden er knytt til innsamlinga med renovasjonsruter som skal dekke heile regionen. Om ei bueining ikkje er i bruke i kort eller lengre tid må likevel renovasjonsrutene oppretthaldast. Dette inneber at jo færre som er med på å betale for drifta av innsamlinga, jo dyrare vert det for den enkelte. Etter forskrifta er det difor bestemt at ein abonnementeining skal betale eitt gebyr. Til dømes skal ein eigedom med eitt hus betale eitt fastset standardgebyr, ein eigedom med to hus skal betale to fastsette standardgebyr osv.

Ved fastsetjing av gebyr held SIMAS seg til offentleg eigedomsregister, matrikkelen. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og tal abonnement ein eigedom skal vere registrert med. Ved å basere renovasjonsgebyret på tal abonnementeiningar kan me nytte matrikkelen som ei objektiv og sikker kjelde. Det er når SIMAS har eit sikkert og objektivt informasjonsgrunnlag at det er mogeleg å sikre likebehandling av forskrifta.

Renovasjonsgebyret er delt opp i to deler: fast del, grunngebyr pr. bueining, og variabel del. Grunngebyret er for dei faste kostnadene SIMAS har med blant anna drift av miljøstasjon, transportkostnader, sortering etc. Den variable delen er knytta til restavfallsbehaldaren(ane) ein er registrert med.

Ikkje fritaksgrunnlag: 

  • Bustad nytta som fritidsbustad

  • Bustad utan avfallsbehaldarar

  • Bustad med lang veg til oppsamlingsstad

  • Bustad som er lite i bruk

  • Lite avfall

  • Sosiale omsyn (einsleg, hjelpetrengande etc)

  • Deling av behaldarar 

  • Ikkje behov for avfallsløysing

Retningslinjer for fritak

SIMAS har med heimel i SIMAS-forskrifta § 18 fått delegert mynde til å fastsette retningslinjer for fritak frå renovasjonsgebyr. Gjennom retningslinjene kan SIMAS fastsette nærare vilkår for fritak.

Fritak frå renovasjonsgebyr krev skriftleg søknad frå abonnenten. Ein søknad om fritak må vere grunngjeven, og abonnenten må syne til det faktiske grunnlaget som ein meiner gjev grunnlag for fritak. SIMAS kan krevje at abonnenten legg fram naudsynt dokumentasjon. SIMAS avgjer etter ei konkret vurdering om vilkåra for fritak er oppfylte. Dersom SIMAS gjer vedtak om å avslå ein søknad om fritak, kan abonnenten klage saka inn for ankenemnda i SIMAS. Klagefristen er tre veker. Klageretten er heimla i § 21 i SIMAS-forskrifta. 

Vedtak om fritak vil gjelde frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke fyllestgjerande søknad om fritak. Dette følgjer direkte av § 18 (9) i SIMAS-forskrifta. 

SIMAS har gjeve retningslinjer for fritak for den variable delen av gebyret og for fritak for heile gebyret. Retningslinjene kan du lese nedanfor.

Søknad om fritak kan sendast på e-post til post@simas.no eller per post til Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger.