Behaldarbestilling

Ønskjer du større behaldar til restavfall eller papir, kan du bestille det når du ønskjer. Det vil medføre ein auke i renovasjonsgebyret. Til dømes vil ei endring av restavfallsbehaldar frå 140 liter til 240 liter medføre ein auke i pris på 505 kroner per år (i tillegg kjem det eit eingongsgebyr på utkøyring).

Det vert ikkje teke gebyr:

  • Ved avslutting av abonnement

  • Avfallsbehaldar som vert skada ved tømming

  • Avfallsbehaldar som må bytast grunna «normal» slitasje

  • Oppstart av nytt abonnement

  • Avfallsbehaldar som vert vekke

Oppgi årsak til bestilling i skjema.

Gebyr for utkøyring av ny behaldar:

Det vert teke gebyr for transport av avfallsbehaldarar ved endring av abonnement eller aktlaus bruk som fører til skade:

  • 140 l behaldar: kr. 141,25

  • 240 l behaldar: kr. 283,75

  • 660 l behaldar: kr. 567,50

 

 

Her kan du bestille ny eller byte avfallsbehaldar:


Bestill ny avfallsbehaldar:

 
 

Byting av avfallsbehaldar:

 
 

Me tilbyr avfallsbehaldar i ulike storleikar:


140 liter                                                                       240 liter                                                                     660 liter