Vis fram kjeldesorteringssystemet ditt og vinn 10 000 kroner

18. august starta ein ny runde av Gjenvinn og vinn, ein nasjonal konkurranse som Sortere arrangerer i samarbeid med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning. Målet er å inspirere fleire til å sortere og få på plass eit system for glas- og metallemballasje heime.

For å delta treng du berre å ta eit bilete av systemet ditt for kjeldesortering av glas- og metallemballasje og sende det inn. Systemet treng ikkje vere stort, dyrt eller perfekt. Det viktigaste er at det fungerer i kvardagen. Har du ei smart, enkel, kreativ eller heilt kvardagsleg løysing for glas- og metallemballasje? Då er det berre å bli med!

Alle som sender inn bilete av systemet sitt, er med i trekninga av 10 000 kroner. Til saman trekkjer Sortere 15 vinnarar, éin i kvart fylke. Fristen for å sende inn bilete er 13. september 2026, og premien blir delt ut i veke 39.

Send inn bidraget ditt på Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Vis fram kjeldesorteringssystemet de har på jobb og bli med i trekninga av 25 000 kroner.

Neste
Neste

Snart kjem plastsekkane til burettslag og sameige!