Tenk miljø når du pakkar inn gåva

miljøvennleg julegåve.jpg

Mykje gåvepapir må rett i restavfallet. Kvifor ikkje velje papir som kan gjenvinnast?

Norske husstandar nyttar minst 60 millionar meter gåvepapir i jula, viser tal frå Framtiden i våre hender. Glansa gåvepapir inneheld fargestoff og leire som gjer det ueigna til gjenvinning. Vel heler ein miljøvennlig innpakning. Då kan gåvepapiret sorterast og bli til nye papirprodukt.

Miljøvennleg gåvepapir treng ikkje vere grått og trist, sjå berre her:

La deg inspirere på Pinterest.

La deg inspirere på Pinterest.

Her er nokre innpaknings-tips frå sortere.no:

  • Gamle kart og teikneseriar kan bli fine innpakningar.

  • Gråpapir og avispapir er miljøvennlege alternativ til glansa papir.

  • Dekorer papiret med teikningar, band eller hyssing. Det blir både fint og personleg.

  • Gamle esker blir som nye med litt pynt. Er det reklame på utsida, kan du vrenge den med innsida ut.

  • Vurder om treng å pakke inn gåva. Fruktkurv eller vinflaske treng kanskje ikkje meir enn eit fint band og eit kort?

  • Stoffrester du har liggande kan bli super innpakning.

  • Eit siste tips; når du sjølv får gåver innpakka i glansa papir: bruk det om igjen til gåver neste år.

Og du – hugs å ha framme ein bospose til glansa papir og ein eske til papir som kan gjenvinnast. Ikkje gå i fella og hiv vanleg papir saman med glansa papir, då blir alt til restavfall.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

ViteMeir og SIMAS med visjonært samarbeid

Neste
Neste

Sogningane er blitt mykje flinkare til å kjeldesortere