Stor interesse for gratis kompost

Festingdalen er ein av plassane kor du kan hente kompost. Bilde er frå ei anna anledning.

I april og mai får privatpersonar gratis kompost, og entreprenørar halv pris. No går komposten unna som berre det!

Me er glade for at mange vel å nytte seg av SIMASkompost. Både privatpersonar og entreprenørar har allereie henta kompost på miljøstasjonane våre i kampanjeperioden, men me har framleis meir igjen.

All komposten vår er gjenbruk av mat- og hageavfall frå abonnentane våre. På den måten blir avfallet til sogningane om til ein ny og nyttig ressurs. Godt for miljøet, og godt for hagen din!

Vil du ha tak i kompost du óg? Då må du hive deg rundt!

Les meir om kampanjen i mai

Les meir om SIMASkompost

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Sommartid på miljøstasjonane og endringar i mai

Neste
Neste

Slik har du aldri sett årsmeldinga vår før