Nyheit: Søk opp neste tømmedag på adressa di

No slepp du å bla i tømmekalenderen som PDF. Du kan søkje opp adressa di øverst på nettsida og få opp dato for neste tømming.

Dette er ei løysing me har ønskt oss lenge. Ho gir betre oversikt for deg som innbyggjar og gjer det enklare å få med seg endringar. PDF-kalendrane me brukte tidlegare måtte oppdaterast manuelt kvar gong det var endringar eller feil som vart oppdaga. No går alt automatisk. Endringar blir oppdaterte fortløpande, så kvar gong du søkjer opp adressa di, får du alltid oppdatert informasjon.

Ønskjer du framleis ei oversikt i PDF-format, kan systemet generere ein oppdatert PDF for deg.

Samstundes oppmodar me deg til å ta i bruk appen Min renovasjon, der du kan få pushvarsel som minner deg på når dunken skal tømmast.

-

NB! I 2026 innfører me forskyvd tømmekalender. Det betyr at tømmedagen vil endre seg i løpet av året. Endringa vil ikkje merkast før rundt påsketider, ved første raude dag. Me kjem med meir informasjon om dette seinare.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

🎄 Sorter smart i jula – det lønner seg! ♻️