Slik handterer du slakteavfall hausten 2025

Kvar haust får me spørsmål om korleis ein skal handtere slakteavfall, og om me tek imot det. Her er alt du treng å vite.

  • Grave ned: Avfall frå dyr kan gravast ned lokalt i jaktområdet så lenge det ikkje vil føre til luktproblem, forsøpling eller nemneverdig skade på miljøet.

  • Kastast som matavfall: Restar og avfall frå slakt går elles som bioavfall og kan kastast i behaldar for matavfall. Avfall som er samla inn, eller teke ut frå eit slakt til human konsum, er rekna som animalske biprodukt i kategori 3. Vi har godkjenning av Mattilsynet til å kompostere dette, og kan difor ta imot dette i anlegget vårt i Festingdalen.

  • Store beinrestar +>5cm lengde og/eller +>2 cm i diameter kastast som restavfall.

  • NB! Skinnet skal i restavfall: Me ynskjer ikkje skinn eller delar av skinn i matavfallet, det skapar problem i komposteringsprosessen. Skinn og delar av skinn skal kastast i behaldar for restavfall.

God jaktsesong!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Ledig stilling: Renovatør/sjåfør