Sirkulære Sogn: Korleis ivareta matressursane våre?

Å redusere matsvinn kan bety enormt mykje på verdsbasis. I april er det fagdag om korleis ein kan auke bevisstheita i vår eigen region.

Noreg har forplikta seg til FN sitt bærekraftsmål om å halvere det globale matsvinnet innan 2030. Å redusere matsvinn kan redusere svolt og matmangel, redusere klimaavtrykk, bevare naturressursar og styrke økonomiske system.

Men korleis kan me auke bevisstheita rundt berekraftig matproduksjon og forbruk i vår eigen region? Det vil årets fagdag ta for seg.

Fagdagen blir arrangert torsdag 25. april kl. 09 - 15 i kultursalen på Nasjonalt villakssenter i Lærdal.

SIMAS vil bidra med to foredrag denne dagen:

  • Tall og fakta matsvinn Indre Sogn - v/Jørn Mortensen, rådgivar i SIMAS

  • Sist i verdikjeda – Frå matavfall til kvalitetskompost Utfordringer og moglegheiter v/ Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS

Arrangementet er ein unik moglegheit for kommunar og næringsliv til å bidra til ein meir berekraftig framtid for matproduksjon og forbruk i regionen vår. Me ser fram til ein dag fylt med innsikt, læring og inspirasjon!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Slik unngår du hagerømlingar

Neste
Neste

Her finn du årsmeldinga for 2023