Returkartonglotteriet finst framleis!

SKYLL, BRETT OG STAPP: Returkartonglotteriet starta opp i 1997, og er no inne i sitt 29. år. Foto: Grønt punkt Norge.

Kven kan delta?

Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet - privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. Årleg blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner, fordelt på 120 premiar á kr. 10.000 og 4 premiar á kr. 100.000.

Kartongane leverer du saman med anna papp og papir. Du treng ikkje legge kartongane i pose e.l.

OBS! No treng du ikkje lenger å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100.000. No tel óg ein einskild kartong som lodd til hovudpremien.


Kva skjer med kartongane du sender til gjenvinning?

Gjenvinning av drikkekartongar skjer på denne måten:

  • Utsortert drikkekartong vert pressa til ballar og vert seld til papirfabrikkar.

  • Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane vert reinsa, tromla og pressa og blir til nye papp- og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikalie.

  • Papiret vert brukt i produksjon av nye kartongar som pizza-, corn-flakes-, skoøsjer m.m.

  • Sjølv om alle som kildesorterar drikkekartongar ikkje kan vinne Returkartonglotteriet, så er i alle fall miljøet ein vinner då alle kartongane vert gjenvunne til nytt papir.


Korleis blir du med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga. Dykkar lodd er ei kubbe med kartongar eller kun ein einskildkartong.

Du må skrive namn og telefonnummer på kubben. Ein kubbe må bestå av minst seks drikkekartongar stappa inni ein kartong. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke kubben inn i ein pose eller liknande.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. .


Fakta om Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.

  • Seks tomme og skylla drikkekartongar skal vere bretta ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lok kan henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. Du kan òg levere einskilde kartongar.

  • Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på ”kubben” og leverer kubben i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 80 ulike trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trekning.


MilJørn forklarer:

Neste
Neste

Vis fram kjeldesorteringssystemet de har på jobb og bli med i trekninga av 25 000 kroner.