Nye opningstider og endringar på Vik miljøstasjon
Frå 1. oktoberendrar vi opningstida på Vik miljøstasjon. Samstundes gjer vi nokre endringar på stasjonen som skal gjere besøket enklare og meir effektivt.
Ny opningstid frå kl. 11
Den nye opningstida blir torsdagar kl. 11.00–18.00, mot tidlegare kl. 10.00–18.00.
Bakgrunnen for endringa er at vi ikkje lenger har ein operatør busett i Vik. To av våre tilsette må difor køyre frå Festingedalen til Vik. Vegarbeid og auka trafikk på Hellavegen gjer det utfordrande å sikre at vi er på plass til kl. 10.00.
Ved å flytte opningstida éin time kan vi sikre ei meir føreseieleg opning av miljøstasjonen.
Vi snur køyreretninga
Samtidig har vi gjort fleire endringar for å få ei meir effektiv avvikling når du besøker oss.
Pressene for papp og plast er flytta ned på det nedste platået. Det betyr at vi også snur køyreretninga på miljøstasjonen:
Du køyrer inn nede og ut oppe.
Har du berre avfall som er gratis å levere, slepp du no å køyre gjennom rampen. Våre tilsette møter deg ved porten og hjelper deg med å finne ut kvar avfallet skal leverast.
Vi håpar endringane vil gjere det enklare og meir effektivt å levere avfall på Vik miljøstasjon.
Vi jobbar med eit betre ombrukstilbod
Vi jobbar også med å få på plass eit betre tilbod for ombruk på miljøstasjonen. Til no har vi hatt utfordringar med at farleg avfall og ombruk har vore samla i same rom.
Målet er å finne ei betre løysing, slik at fleire ting som framleis kan brukast, kan få nytt liv i staden for å bli kasta.
Ny opningstid: torsdagar kl. 11.00–18.00
Hugs også den nye køyreretninga: inn nede – ut oppe.