Ny og betre MinRenovasjon-app

Mobilappen MinRenovasjon er komen i ny versjon. Det gjev meir pålitelege varslingar og ei betre brukaroppleving.

MinRenovasjon er ein gratis app du kan laste ned på telefonen din. Med appen får du oversikt over når SIMAS hentar avfallet på adressa di, og du kan motta varsling/påminning i forkant. Appen gir i tillegg oversikt over sortering og gjenvinningsstasjoner i kommunen din.

Kva er nytt i appen?

  • Ny teknisk plattform gjer appen meir stabil

  • Forbetra varsling

  • Nytt design og betre brukaroppleving

  • Ny varslingshistorikk inne i appen

  • Betre informasjon om sortering av hushaldningsavfall

Slik kjem du i gang:

  1. Last ned appen fra Google Play eller App Store. Om du allereie har appen må du oppdatere til nyaste versjon. 

  2. Søk opp kommunen din og legg til adresse eller gårdsnummer/bruksnummer. 

  3. Skru på varsel viss du ønskjer det. 

 

Ofte stilte spørsmål

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

SIMAS søkjer framtidsretta og utviklingsorientert direktør

Neste
Neste

Endra tømmeruter og opningstider i jula