Meld frå til oss

Er containeren full? Meld frå til oss, så unngår me at det kjem bos i naturen.

Me kjem med ei bønn til våre abonnentar: Gje oss beskjed om de ser at containeren er full. Kanskje me ikkje veit det - kanskje me er på veg. Ver snill å ikkje sett boset rundt containeren om han er full. Det kan skade både dyr og natur. Og så er det så lite hyggeleg for sjåførane våre å møte eit tilgrisa område.

Gjer heller dette:

  1. Er containeren full, ring oss og medl frå, så kjem me og tømmer containeren. Har du hushaldsavfall du ikkje bli kvitt fordi containeren du betalar for er full, søk her – og finn ein anna container.

  2. Har du bygningsavfall, kom på miljøstasjonen. Ikkje kast det utanfor eller i hyttecontaineren. Det gjer at andre ikkje får plass til sitt hushaldsavfall og jobben for våre sjåførar blir vanskeleg.

  3. Har du ei gamal trillebår, lever på miljøstasjonen. Det er ikkje vits å lure på om ho går opp i containeren ein gong.

Og til deg det gjeld: Er det rett at andre må ta kostnaden med å rydde etter deg?

Det er så alt for ofte me ser at containerane for restavfall blir nytta til mykje anna. Nokon trur det er fritt fram for å leggje frå seg byggeavfall på bakken fordi det står en container der. Dette må køyrast til miljøstasjonen. Her skal me hjelpe deg å få det sortert riktig. Ikke tar me mykje betalt for jobben heller.

Byggmaterialar inne i containeren for restavfall. Foto: Simas

Byggmaterialar inne i containeren for restavfall. Foto: Simas

Trillebår slengt ved siden av containeren. Foto: Simas.

Trillebår slengt ved siden av containeren. Foto: Simas.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Årøy Gard har grønsaksbed-prosjekt med SIMASkompost

Neste
Neste

Ny vinnar frå Marifjøra