Me vil lage jord av beste kvalitet i kompostanlegget vårt

Emil Bøen og Per Johan Hove ser innimellom avfall som ikkje skal i komposten.

Emil Bøen og Per Johan Hove ser innimellom avfall som ikkje skal i komposten.

Og då treng me hjelp frå deg

– Kompost kan brukast i bed, blomsterkrukker, dyrking av grønsaker og mykje meir. For at komposten skal verte best mogeleg, må me syte for å at den vert laga av best mogeleg råvarer, forklarar HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS, Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

Oppskrifta SIMAS nyttar er kompost laga av 50 % matavfall, og 50 % hage-/parkavfall.

Nokre typiske feil i sortering av matavfall

– Sogningane er flinke til å sortere matavfallet sitt, men innimellom ser me ting som ikkje skal hamne i komposten vår, seier Per Johan Hove og Emil Bøen som arbeider på kompostanlegget.

Det er kun mat-, plante-, og hageavfall som kan brytast ned til kompost me ynskjer skal bli kasta i det våtorganiske avfallet. Dei fortel at det er ein del papir som kjem i den våtorganiske dunken. Papir som er reint skal i papiravfall, og er det blautt eller fult med mat, skal det i restavfallet. Brødposar av papir kjem òg ofte i matavfallet, men dei skal i papiravfallet.

– Det er lov å ha ei avis eller eggekartong nedst i matavfalldunken slik at du unngår at det blir så skittent i behaldaren, eller at avfallet frys fast, men du kan ikkje kaste aviser og eggekartongar i våtorganisk, forklarar Emil.

Og det er kun innhaldet i metall- og glasemballasjen som skal i våtorganisk. Dersom syltetøyglasa òg vert kasta i den våtorganiske dunken, kan det verte glasbrot i komposten.

Det er òg viktig at det vert brukt bioposar til å kaste matavfallet i. Vanlege plastposar vil føre til at det vert mikroplast i komposten.

Det vert mykje ekstra arbeid å sortere ut alt som kjem med matavfallet som ikkje skal vere med i komposten, og komposten får ikkje god nok kvalitet om det er mykje feil i den, forklarar Per Johan.


Dette skal i matavfallet

  • Skrell

  • Skrottar

  • Kaffegrut med og utan filter

  • Eggeskal

  • Tørkepapir og serviettar med matrester

  • Nøtteskal

  • Rekeskal

  • Teposar og teblad

  • Små fiske- og kjøtbein

  • Grønsaker

  • Frukt

  • Mjøl, gryn og sukker

  • Brød og kaker

  • Ris og pasta

  • Fisk og skaldyr

  • Komposterbare produkt

  • Avskårne blomar

  • Potteplanter

  • Krydderplanter

  • Hageavfall

Dette skal ikkje i matavfallet

  • Matavfall med emballasje

  • Store restar feitt og matolje

  • Hundeposar (alle typar)

  • Store kjøtbein

  • Kattesand

  • Snus og røyk

  • Bomull og q-tips

  • Tyggis

  • Snus

Mykje å halde styr på? Last ned sorteingsguiden, print han ut, og heng han gjerne opp på innsida av skåpet ditt.


Kompost for å betre jorda  

Kompost er det «svarte gullet i hagen», fordi kompost gjev tilbake næringsstoff til jorda. Næringsstoffet inneheld rikeleg med mikroorganismar og humus. Dette bidreg til å betre jordstrukturen ved at jorda vert meir luftig og betrar evna til å halde på vatn. 

Slik brukar du kompost

Du kan ikkje plante direkte i rein kompost, men blande komposten med jord, sand eller liknande i forholdet 30/70, der 30 % er kompost.


Forrige
Forrige

Hyttecontainer flytta frå Hestavollen til Storehaug

Neste
Neste

Ta vare på dei edle delane dine