Få deg ein boks til farleg avfall, lær meir om kjeldesortering og sjå korleis du kan starte med heimekompostering.
Me stiller på stand på Lustramarknaden 9. juni i Gaupne. Her vil me mellom anna informere om:
Kjeldesortering
Farleg avfall (ønskjer du ein oppsamlingsboks for farleg avfall heime? Få med deg ein frå vår stand).
Heimekompostering og kompostbinge.
Strandrydding - Kystlotteriet. Få med deg sekker og lodd denne dagen.
Me håpar å sjå deg der - me er på plass frå kl 10!