Maria er ny trainee i SIMAS

Trainee Maria Rüppel Alvestad skal jobbe i administrasjonen vår og bistå i juridiske spørsmål. Velkomen!

For andre gang har SIMAS valt å ha med seg ein trainee gjennom Framtidsfylket si traineeordning. Maria trer inn i stillinga Trainee juss og økonomi, og hadde den første dagen sin i Festingdalen no i august.

– Me var veldig fornøgde i fjor då me prøvde det for første gang. Ein trainee kjem med nye perspektiv og nye idear! Eg er sikker på at Maria kjem til å passe godt inn hjå oss, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.


Bli litt betre kjend med Maria her:

Kvifor ønskte du å bli trainee i SIMAS?

Eg har alltid vore interessert i miljøet, og spesialiserte meg i miljørett då eg tok bacheloren min. Eg syntest stillinga verka spennande og innanfor det området i jussen som eg kunne tenke meg å jobbe med.


Korleis er førsteinntrykket ditt?

Alle er veldig hyggelege og hjelpsame! Eg trur eg kjem til å bli tatt godt vare på.


Kva er forventingane dine dette året?

Eg kjem til å lære masse og få eit godt innblikk i korleis bransjen fungerer. Eg trur eg kjem til å få brukt det eg har studert i praksis, og utvikle meg vidare.


Kva blir ditt viktigaste bidrag inn mot SIMAS?

Eg kjem først og fremst til å gje bistand i juridiske spørsmål. Særleg vil eg kunne støtte med tolking av lover og reglar knytt til denne bransjen, men óg innan personvernspørsmål.

Kva likar du å bruke tida di på når du ikkje er trainee i Festingdalen?

Eg er glad i turar i skog og fjell, å isbade, strikke og vere sosial.


Litt fakta om Maria:

Namn: Maria Rüppel Alvestad

Frå: Skien, men har budd i Oslo dei siste åra

Alder: 25 år

Bakgrunn: Bachelor i internasjonal juss, Kingston University London og master i informasjons- og kommunikasjon teknologi juss ved Universitetet i Oslo.

maria@simas.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Kva skjer med papp og papir me sorterer?

Neste
Neste

Skriv bacheloroppgåver i samarbeid med SIMAS