Leige ut bustad i sommar? Hugs kjeldesorteringa

Ved å gjere det enkelt for gjestane dine å sortere rett, minimerer du restavfallet ditt og bidreg til god avfallshandtering også i ferietida.

Sommaren er høgsesong for å leige eller låne ut bustad i den vakre regionen vår. Me i SIMAS ønskjer å minne om at god avfallssortering er like viktig om sommaren som resten av året. Her kan du sjå korleis du gjer det enkelt for gjestene dine.

Legg til rette for god sortering:

  • Del ut riktige posar og behaldarar: Sørg for at leietakarane har tilgang på riktige posar til bioavfall og plastemballasje, og legg til rette for god sortering i ulike behaldarar.

  • Heng opp sorteringsplakat frå SIMAS: Me har utforma ei enkel oversikt over sortering av ulike typar avfall. Denne finst på norsk, engelsk og ukrainsk. Last ned sorteringsguide gratis her.

  • Oppfordre til god sortering: Ikkje forvent at gjesten tek initiativ sjølv. Oppfordre til sortering, og vis dei vidare til sortere.no kor dei kan søke opp ting dei skal kaste viss dei er usikre.

Ved å gjere det enkelt for gjestane dine å sortere rett, både minimere restavfallet frå bustaden og bidreg til god avfallshandtering - også i ferietida.

Takk for at de sorterer!

Klikk på bildet for å laste ned sorteringstuide på norsk, engelsk eller ukrainsk.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Avfallskalender frå 1. juli er klar