To ledige stillingar i SIMAS: Sjåfør og driftsoperatør

Me treng driftsoperatør til miljøstasjon og sjåfør/renovatør til renovasjonsbil.

Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No treng me to nye kollegaer som kan hjelpe oss i arbeidet.

SIMAS har to ledige stillingar, begge i Festingdalen på Kaupanger i Sogndal:

Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Me lovar varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn. Me håpar du vil søke!

Type stilling: Fast, heiltid

Interessert? Søk via Jobbnorge

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ny plukkanalyse av avfallet vårt: – Spent på å sjå utviklinga

Neste
Neste

God plass i behaldaren for restavfall?