Ledig stilling: Kundekonsulent i SIMAS
Vår nye kundekonsulent vil få ei viktig rolle og allsidig jobb i ein framtidsretta bransje.
Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No er me på jakt etter ein ny kollega som kan hjelpe oss i arbeidet.
Ledig stilling: kundekonsulent
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Som kundekonsulent har du ein viktig rolle i administrasjonen vår på Kaupanger.
Arbeidsoppgåver er handsaming av søknadar, kontakt ut mot renovatørar og mykje kundekontakt.
Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.
Vurdering av kandidatar med innkalling til intervju vil skje fortløpande, så ikkje vent med å søke.
Arbeidsstad: Festingdalsvegen på Kaupanger i Sogndal kommune
Omfang: Fast, heiltid
Søknadsfrist: 15. juni 2025
Interessert? Søk via Jobbnorge