Vil du ha ein variert og praktisk arbeidskvardag hos ein viktig miljøaktør i Sogn? SIMAS søkjer ein engasjert og initiativrik driftsoperatør og tilkallingsvikar
Som driftsoperatør blir du ein del av laget som står for den daglege drifta av miljøstasjonane våre.
Arbeidskvardagen er variert og inneber mykje kontakt med kundane våre. Du vil mellom anna rettleie om sortering, ta imot og handtere ulike typar avfall og bruke truck, maskiner og anna arbeidsutstyr.
Arbeidet blir utført både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Som tilkallingsvikar vil arbeidstid og arbeidsmengde variere etter behov. Fleksibilitet og høve til å stille på relativt kort varsel vil vere ein fordel.
Arbeidsstad: Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger
Omfang: Deltid, vikariat/mellombels
Søknadsfrist: 10. desember 2026
Spørsmål om stillinga: kontakt Jan Frode Bolstad, janfrode@simas.no
Interessert? Søk via Jobbnorge